Om Vildring

Vildring

Vildring er eit band frå Osterøy, litt utanfor Bergen.

Dei såg dagens lys våren 2012. Bandet vart opprinneleg sett saman i forbindelse med Valestrand sin årlege musikkfestival, FestiValestrand.

Dei hadde det såpass kjekt og responsen frå publikum var så god at dei har heldt det gåande sidan.

 

Musikken kan beskrivast som frisk og fengande, i ei sjangergate som ikkje klart lar seg definere.

Repetoaret spenner om alt frå folkrock og bluegrass, til rockabillie country, bluesinspirert country og rock. For det meste cover, men bandet byrjar etter kvart også å få nokre eigne låtar. Misjonen er å skape feelgood stemning og rockefot hjå intet mindre enn alle tenkelege generasjonar.

 

Ved å gjenskape kjente og mindre kjente låtar med ei fiffig instrumentbesetning, håpar dei på god stemning blant publikum!

Henning Neu Hoshovde

Gitar og kor

Preben Vik

Vokal og gitar

Silje Midtbø Vevle

Fele og kor

Robert Nilsen

Bass

Regine Forthun

Vokal og piano

Sindre Fotland

Trekkspel og torader

Simon Kleppe Røskeland

Trommer og kor

E-mail:post@vildring.no